Dette spørsmålet ble stilt 31.1.2010 og ble besvart 5.2.2010.
Vi gjør oppmerksom på at svaret er eldre enn 6 måneder. Det kan i løpet av denne perioden skjedd endringer eller korreksjoner som gjør at informasjonen ikke lenger er korrekt.
Hilsen driftsansvarlig
Spørsmål:
Hei, eg er ei jente på 22 år som har et lite problem med at eg besvimer frå tid til annan. Eg er òg mykje svimmel. Eg skriver her fordi eg er usikker på om det eg opplever er heilt normalt eller om eg burde gå til fastlegen med dette.
Det er fleire ting eg opplever. Det som skjer oftast er at eg heilt utan vidare blir veldig svimmel. Dette skjer som oftast når eg sit heime og slappar av i sofaen. Plutseleg berre veltar svimmelhet inn over meg. Eg blir heilt paralysert og klarar ikkje anna enn å berre sitja i ro. Eigentleg er det ei behagelig kjensle, eg føler meg avslappa og som om eg flyter rundt på ei sky, men eg klarer ikkje røra på meg før det går over. Som regel går det over på 5-15 minutt, men det har vart lengre. Eg besvimer ikkje når dette skjer, eg er bevisst og kan høyra heile tida. Men eg klarer ikkje røra på meg.
Eg besvimer og "svimlar" òg litt ofte, har eg inntrykk av. Då blir det svart for augene mine og så synker eg saman. Stort sett kjem eg til meg sjølv iløpet av nokre sekund, men eg må ligga og slappa av gjerne i 10-15 minutt før eg klarer å reisa meg - ellers berre svimlar og besvimar eg på ny. Dette skjer gjerne viss eg har trent veldig hardt, men for eit par veker sidan skjedde det ein kveld eg stod og stelte meg på badet. Var ikkje sliten eller noko - eg berre besvimte heilt utan vidare. Eg svimlar ganske ofte når eg reiser meg kjapt, men då går det stort sett fint å berre setja meg ned igjen så går det over.
Når eg drikker alkohol, så har eg òg ein tendens til å "besvima". Eg er ikkje heilt sikker på om eg faktisk besvimer.. det som skjer er at eg føler meg plutseleg heilt utslitt og har ingen krefter. Eg synker saman og lukkar augene, men eg kan høyra alt rundt meg og er "våken" sånn sett. Eg hugsar alt etterpå¨. Dei rundt meg oppfattar gjerne at eg har besvimt eller sovna, men eg føler sjølv at eg er våken, berre paralysert. Eg er ikkje sikker på om dette har nokon samanheng med noe av det over i og med at dette her skjer når eg drikker alkohol. Men ingen av vennene mine har opplevd noko liknande. Eg føler ikkje eg drikker så store mengder alkohol - eg blir ikkje stupfull, men folk trur at eg sovnar/besvimar pga alkoholen.
Så det eg lurer på er i kva grad det eg opplever, er "normalt"? Alt det eg har skildra ovanfor, har vel helst skjedd siste året, eg kan ikkje hugsa at det har skjedd tidlegare hvertfall.
Innsendt av jente 22 år
(Svimmelhet)Svar:
Hei!
Jeg kan ikke si at dette er normalt, og jeg kan heller ikke si deg hva plagene dine skyldes. De blir nødvendig med undersøkelser, og det synes jeg at du skal få. Jeg tenker litt på en form for epilepsi, siden du faller bort og nærmest blir lammet. Du bør gå til legen din med dette, det er mitt råd til deg.
Hilsen legen.
< Tilbake